

Svanøy Kro
Svanøy Kro er kulturscene, pub og kjøkken. Med utsikt mot gjestehamn og Svanøybukta kan du nyte lokal mat og drikke i ei uformell atmosfære. Vi har diverse arrangement gjennom året, hald deg oppdatert på facebook.
Tlf: +47 479 04 399
E-post: svanoykro@gmail.com
www.facebook.com/svanoykro

Svanøy Handel
Svanøy Handel er ein fullassortert nærbutikk. Her finn du alt frå fiskeslukar til glutenfri spaghetti. Produkter frå Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri inngår i det faste vareutvalget.
Tlf: +47 577 40 029
E-post: post@seglinn.com
www.facebook.com/svanoyhandel

Gjestehavn
Gjestehavna i Svanøybukt har straum og vatn på flytebrygga.I det døgnope sanitæranlegget finn du toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel, som er inkludert i døgnleiga.
Gratis trådlaust internett på land.
Nettverk: Guest WI-FI - Passord: butikkenergod

Bryggeleige
under 30 for: kr 120,-
30 - 40 fot: kr 140,-
over 40 fot: kr 170
straum: kr 40,-
Kan betalast på butikken eller
med Vipps til #749083

Overnatting
Moderne leilighet over butikken. Her er to soverom med ei dobbeltseng og ei enkeltseng på kvar, fullt utstyrt kjøkken, wi-fi og romslig veranda med utsikt over Svanøybukt.
