top of page

Opplev Svanøy

Øya har mykje å by på for store og små. Her er eit lite utvalg av aktivitetar og historiar.

kart2medbleed2.2.png

Turkart

Ta deg en tur innom Svanøy Handel for å få eit gratis turkart, eller bruk den digitale versjonen.

Arrangement

Kommende arrangement på Svanøy.

Trykk Søk etter flere for å laste lenger frem i tid.

18DAGMorten+Abel+Svanøy_07-18-_DSC7829.png__2.jpg
152872682072346900_resized.jpg

Svanøy Hovedgård

Svanøy Hovedgård er eit gamalt fute- og adelssete. Gardstunet vart freda i 1924 og er eigd av Stiftelsen Svanøy Hus. I dag vert hovedgården nytta til arrangement og overnatting etter avtale. Den gamle låven har blitt konsertlokale.

​

Garden tilhøyrde i middelalderen Bergen bispestol og vart krongods ved reformasjonen. Den gong vart garden kalla Bru. I 1662 kjøpte erkebiskop Hans Svane garden. Då biskopen døydde i 1685 fekk enka hans setegardsrettar for Bru. Ho døypte godset om til Svanøy, til minne om mannen. Svanøy vart seld i 1719 til stifamtskrivar Severin Seehusen, som i 1720 vart adla med namnet Svanenhielm. Han kom i slikt økonomisk uføre at godset vart inndrege av kongen i 1724. Seinare eigarar var slekta Nagel og hoffagent Herman Dietrich Janson. Garden vart etterkvart seld til Hans Nielsen Hauge. Hauge gav garden til Ole Torjussen Svanøe, med dette forsvann setegardsrettane.

Norsk Hjortesenter

Norsk Hjortesenteret ligg idyllisk til på Kvalstad Gard, på sørsida av øya, 4,7 km frå Svanøybukt. Her er det ei forsøksdyravdeling for hjort og dåhjort, eit viltslakteri og det vert halde kurs og konferansar.

Hjorten kan du som oftast sjå frå vegen på Kvalstad. Vil du helse på den, eller ha omvisning, bør du ta kontakt på førehand. Frå Svanøybukt til Hjortesenteret tek det om lag 1 time å gå, eller 15 minutt på sykkel.

150590795932706700_resized.jpg
lokalmat_laks-cognac-og-einer.jpeg

Svanøy Røykeri

Kaldrøykt laks etter gamle tradisjonar. Oppskrifter med einer og lokale urter gjev laksen ein særegen og utsøkt mild smak.

Like spesiell som staden den kjem frå.

​

Galleri Svanøe

Galleriet er åpent store deler av sommeren og etter avtale. Du er hjerteleg velkommen!
Om du har spørsmål, ta gjerne kontakt med Bjarne Svanøe Tlf +47 905 08 773.

galleri.jpg
2019-05-10 20.31.37.jpg

Olavskrossen

Svanøy var tidlegare eit knutepunkt i ytre Sunnfjord, med futegard og eiga kyrkje. På den gamle kyrkjegarden på øya står ein steinkross med runeinnskrift.

Krossen er to meter høg og 1,25 meter brei frå spiss til spiss, og er ein av fire i Norge med runer. Fagfolk har datert han til å vere frå 1000-talet.

​

Krossen er ein nøkkelstad i Kystpilegrimsleia. Pilegrimar kan få stempla passet sitt på butikken.

Pilegrimsleden.png

Badestranda Leiren

Stranda ligger ein kort spasertur frå Svanøybukt, forbi fotballbana ved Svanøy Røykeri. Her er det gapahuk og om sommeren vert det satt opp volleyballnett.

​

Stranda ligger nedenfor det gamle knuseanlegget frå gruvetida, som det har sin røde farge fra.

​

Populær teltplass.

20220227_164244.jpg
2019-03-04 18.02.28.jpg

Gruver

Tar du ein liten spasertur i Svanøybukt finn du fleire spor etter gruvedrifta. Hola som er igjen etter dynamittlageret treff du når du følger hovudvegen 100m frå kaia. Inne i skogen ovanfor Svanøy Røykeri kan ein framleis sjå ruinane etter bustadhus, heisetårn og knuseanlegg frå gruva. 

Kopargruva på Svanøy var ei av dei største industriverksemdene i Sunnfjord kring 1. verdskrig. Gruvedrifta starta på 1870-talet.

Saltverksneset

Hans Nielsen Hauge kjøpte Svanøy Hovedgård for 12 000 riksdaler i 1804. Det var Ole Torjussen Helling fra Ål i Hallingdal som skulle få ansvaret for gården. Svanøy skulle bli eit senter for Haugebevegelsen i hele Sunnfjord-området. Ole Torjussen, som no hadde tatt etternavnet Svanøe, satte i gang med jordbruk, møllebruk, bygde sag, skipsbyggeri og saltkokeri på det vi i dag kallar saltverksneset.

​

Minnesteinen på saltverksneset vart reist i 1954 av Svanøe sine etterkommerar. Steinen er 3,5 m høg og synleg frå kaia i Svanøybukt. På framsida, mot kaia, er årstalet 1809 hogge inn.

bauta.jpeg
astrup.jpg

Nikolai Astrup

Nikolai Astrup er ein av Norges mest fremtredende og folkekjære billedkunstnere. Somrane mellom 1901 og 1904 oppheldt Astrup seg på Svanøy. «En grön smaragd i det vindblaa hav», kalla han øya. Her møtte han Knuthild Holm. Dei utvikla eit nær venskap - og Knuthild vart seinare ein viktig salsagent for Astrup i Bergen. Astrup mala fleire bilete frå desse somrane.

 

På Svanøy Hovedgård  heng det maleri av Astrup og ei fane han dekorerte for ungdomslaget.

Gravrøyser

Det er fleire gravrøyser på Svanøy datert til bronsealder - jernalder. Dei mest tydlige finner du på Vardeneset og Gnarneset. På Kulturminnesok.no kan ein sjå fullstendig oversikt.

vardeneset.jpg
2019-03-04 18.02.28.jpg

Eirik Blodøks

Visse kilder hevder at Eirik Blodøks vaks opp hos hersen Tore Roaldsson på Svanøy.

Eirik I Blodøks Haraldsson, født ca. 885, død 954. Han var Norges konge ca. 930–935 og senere Konge av Northumbria (947–949). Han var den eneste av sønnene til Harald Hårfagre som hadde en mor av kongsætt: Ragnhild Eiriksdotter

bottom of page