Nordneset
Om du startar ved fotballbana ved Svanøy Røykeri går stien først forbi ruinar og sjakter frå gruvetida. Etter kvert kjem du ut i litt meir ope landskap før du følger strandlinja tilbake og kjem til slutt up på Leiren. Fin tur for familiar, men med noken korte, våte parti.
Tid: 30 min
Austneset
Rundtur med utsiktspunkt på Austneståa. Nordre trasé er ganske fuktig, men heldigvis er søre trasé fin nok til å gå to ganger!

Sagvatnet
Fin sti som følger vatnet frå Svanøy Havbruk til Erikstadbrua. Sagvatnet er drikkevasskjelda på øya. Vi ber turgåarar ta hensyn til dette.

Nordsjøløypa
Heile Nordsjøløypa går frå Svanøybukt og tilbake. Strekninga mellom Strandsbøen og Kvalstad er svært fuktig, så her anbefalast ei alternativ rute om du ikkje har høveleg fottøy.
Nova
Utsikt mot Kvalstad og Stavfjorden.

Vågsfjellet
Vågsfjellet er det høgste punktet på Svanøy, 235moh.

Strandsbøåsen
Utsikt mot Kvalstadmyrane og Vågsfjellet. Frå Strandsbøåsen kan du følge stien vidare til Nova.

Strandsbøen
Skogsveg

Gnarneset
Ved ytre Gnarneset er det ein tydeleg gravhaug i stein. Frå toppen er det flott utsikt til alle øyane i vest.
Kvalstadbrystet
Utsikt mot Alden i sør og Askrova i vest.